Slaget ved Jumonville Glen, òg kjend som Jumonville-saka, var det første slaget i den franske og indianske krigen, utkjempa 28. mai 1754 nær dagens Uniontown i Pennsylvania. George Washington hadde vorte send til Ohio Country, eit område som både britiske og franske kolonistar kjempa om, som ein britisk utsending i desember 1753, for å fortelje franskmennene, som bygde fort i området, om å forlate området. Dei franske offiserane sa høfleg i frå til Washington at dei ikkje var nøydde til gjere som han sa og at dei meinte å verte verande, sidan brevet ikkje hadde vorte adressert til generalen eller guvernøren deira som var ansvarleg.
Washington reiste attende til Virginia og informerte guvernør Robert Dinwiddie om at franskmennene nekta å forlate området. Guvernøren samla førti mann under kaptein William Trent i mars 1754 og sende dei til området der elvane Allegheny og Monongahela renn saman, for å byggje eit fort. Franskmennene sende tusen mann for å drive bort britane og byggje ferdig fortet dei hadde starta på. Fortet fekk namnet Fort Duquesne. Mot slutten av april 1754, reiste Washington med 120 militssoldatar attende til Ohiodalen. Claude-Pierre Pécaudy de Contrecoeur sende Joseph Coulon de Jumonville med 30 mann for å stadfeste at Washington hadde invadert fransk territorium. Jumonville og mennene hans forlet Fort Duquesne den 23. mai. Morgonen den 28. mai gjekk Washington til åtak mot dei sovande soldatane med bajonettar, for å ikkje vekke dei. Britane tok livet av 10 soldatar og fanga 21. Jumonville, som var skadd, vart drepen medan han las opp eit krav til Washington. Denne treffinga var starten på striden som etter kvart utvikla seg til sjuårskrigen i 1756.